Møteinfo
- Periode17.11.16 - 17.12.16
På stiftingsmøtet vil den kjende norske naturfotografen, Kai Jensen, vise bilete og halde foredrag med tittelen «Villmarksfotografen som går for alt». Han vil fortelje om korleis han som naturfotograf går fram når han jobbar med motivområde som makro, landskap, dyr og fugl.
"Naturen er min inspirasjonskilde og årstidene styrer mine motivvalg", seier Kai Jensen.
Målet med lokallaget er å skape ein sosial og inkluderande møteplass med felles interesse for naturfotografering. Naturbileta og fellesskapet vil stå i sentrum, og alle som vil kan få muligheit til å vise sine eigne bilete. Foreininga vil arrangere konkurransar, fototurar på Sunnmøre og i Nordfjord, foredrag og fotokurs. Det er ingen krav om kunnskap om fotografering for å delta, det er meir enn nok ha interessa for det.
For meir informasjon om BioFoto: Link tittel her
Etableringa av lokallaget er eit initiativ frå fleire naturfotografar busett i Volda og Ørsta. Kandidatane til styret er Antje Meier, Hallstein Velsvik, Geir Høydalsvik, Ståle Hansen, Olav Thokle og Erlend Krumsvik.
Initiativtakarane: Frå kvinna og til venstre: Antje Meier, Olav Thokle, Erlend Krumsvik, Ståle Hansen, Geir Høydalsvik, og Hallstein Velsvik.
Vinterlys
Antje Meier